Kommentar: “Ibsen arbeider i eit slags fantasikraftas laboratorium, driv rare eksperiment med personane sine, og hentar resultata ut att i form av verk som stadig er gåtefulle og utfordrande for oss. Denne boka rettar fokus mot dei mange fasettane i det eg har valt å kalle Ibsens heroisme, i eit forsøk på å analysere dette laboratoriet og forstå desse gåtene.” (fra forf. forord).
Kittang analyserer Brand, Kejser og Galilæer, Samfundets Støtter, En Folkefiende, Rosmersholm, Bygmester Solness, John Gabriel Borkman og Når vi døde vågner.